Deltakar vil
I foredrag
• Få råd og inspirasjon for ein god jobbprat i kontekst eiga rolle, som medarbeidar og som leiar.
• Forståelse for indre reaksjonar ved kritisk overgang - Transition Management™.
• Høyre Eli Strand si nære histore om jobbhåp.
I foredrag og
workshop som felles
læringsarena:
• Oppnå felles læring for å ivareta og inkludere den sjuke og bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
• Reflektere og praktisere ein god jobbprat med M4 modellen og karriereknappar fra kvalitetsrammeverk
for karriereveiledning.
• Bidra i nasjonal strategi om arbeid og helse.
"Krafta i å jobbe" foredrag av StrandSilden
Vi vil ha jobbpraten inn i heile prosessen – og har tenester som stimulerar til at alle som er «rundt» kan støtte jobbpraten med ein som er alvorleg sjuk eller skada.

Tenester
Målgruppe:
Leiarar i privat og offentleg sektor. Verneombud, tillitsvalde i fagorganisasjonar. Arbeidsplassar, brukarorganisasjonar, interesseorganisasjonar
Vi vil styrke personens mestringstro, og få jobbpraten til å gro.
Work shop som felles læringsarena 2,5 t:
Eit praksisnært treff med jobbprat i sentrum. Foredrag vert innleing og nytta som case. Gruppene får anerkjend teori og verktøy som stimulerar jobbpraten. Trening på å reflektere og utforske korleis ha ein god jobbprat i praksis. I oppsummering – dele tips og refleksjonar.
Vårt foredrag og workshop med felles læringsarena er bidrag til Strategi for fagfeltet Arbeid og Helse, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet IS-3023
Foredraget «Krafta i å jobbe» 50 min:
I foredrag får du innsikt frå Eli si sterke og nære historie om å leve med kreft og den brå overgangen sjukdommen skapte. Merete bidrar med forskning om jobbhåpet sin betydning, samt verktøy til å takle overgang - transition management (TM).
Når ein kjem på sjukehus eller i rehabilitering er det høgt fokus på å redde liv og å få kroppen til å fungere. Heldigvis! Men eit redda liv skal også levast og fyllast med meiningsfylt aktivitet.