
Karriereveiledning
Jorunn Austgulen, karriereveileder med erfaringskompetanse
Individuell karriereveiledning er eit kraftfullt verktøy for å utforske det nye livet etter sjukdom eller skade. Karriereveiledning for pårørande likeså. Vi har brukarerfaring og fagkompetanse.
Brukarinnsikt som pårørande eller eigen erfaring med kritiske overgangar gjer oss rusta til å møte personar i sorg og sjokk og utforske veien vidare med empati og anerkjent systematikk fra rammeverk for Karriereveiledning.
Innhald
• Kartlegging av din situasjon og motivasjon.
• Bli kjend med deg sjølv – dine verdiar, interesser, personlige eigenskapar, ynskjer og behov.
• Kompetansekartlegging.
Eit karriereveiledningsforløp består av 6 individuelle timer. Prisen er kr. 8.500
Karriereveiledning ordinært forløp:
• Utforsking av nye mogelegheiter.
- Tilbake til eksisterande arbeid, utdanning eller jobbsøkerprosess – CV, søknad, bruk av nettverk, Linkedin-profil, kontakt med ny arbeidsgiver/bransje.
- Jobbprat med arbeidsgjevar eller intervjuforbereding.
• Personleg plan for vegen vidare.

FOR ARBEIDSGJEVAR: Få stjerna tilbake,
bli trygg i jobbpraten.
Ved arbeidsgjevarfinansiert veiledning vil samtykkeerklæring inngå i oppstart.
M4 Karriere sin veileder kan være ein god katalysator og ein buffer i ei emosjonelt og fysiske krevjande tid for begge partar. Det å leve eit best mogeleg liv i tråd med eigne interesser, evner og ferdigheit er viktig for livskvalitet for dei fleste. Det å stimulere til moglegheit og få oversikt over reelle begrensninger gir grunnlag for best mogeleg retur.
Karriereveiledning dekka av arbeidsgjevar.
Eit pakkeforløp dekka av arbeidsgjevar består typisk av 6 individuelle timer. Prisen er kr. 8.500, samt oppstartsmøte med oppdragsgjevar kr 1.200
Eksempel på Innhald. Personen sjølv definerer behovet:
• Informasjon, etikk og personvern
• Kartlegging av situasjon og motivasjon
• Utforsking av nye mogelegheiter, og reelle begrensninger
• Tentativ plan for vegen vidare.
Når ein ansatt eller kollega plutselig blir sjuk eller skada påverkar det alle. Vår modell er bygd på fagleg kompetanse samt erfaring, fra oss sjølv og fra personar vi har intervjua. Arbeid er ein sterk del av identiteten til mange, og det å anerkjenne kompetanse, tilby trygge rammer for deltagelse og inkludludering kan være avgjerande for retur til arbeidslivet. Kompetanse til mennesker er ein av Norges viktigste ressurser.
• Ramme
• Foredrag «Krafta i å jobbe», 50 min
• Workshop som felles læringsarena – skreddersøm, 2,5 t.
• Karriereveiledning for seg sjølv og eller ansatt